MELDING

Oppdatert info om koronaviruset

Information about corona in various languages

Kommuneoverlegen og kommuneadministrasjonen følgjer situasjonen tett. Kommunen rettar seg etter regjeringa sine råd og deltek i den nasjonale dugnaden for å avgrense smitte av Covid-19.

Treng du å ta kontakt med kommunen om tenester generelt ber vi om å gjere dette per telefon eller e-post  

 

Eldstad og skorstein

Eldstad og skorstein

Oppføring av ny eller rehabilitering av skorstein er søknadspliktig. Montering av eldstad er ikkje søknadspliktig, men meldingspliktig. Dette for å gje brannvesenet oversikt.

Det er ingen formelle krav til den som monterer ein eldstad i ein bustad. Vi vil likevel rå deg til å nytte kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Du må alltid gje melding til kommunen om montering av eldstad.

Melding om montering av ny eldstad.

Les meir om regelverket rundt skorstein.