Feiing og tilsyn av fritidshus

I tidlegare forskrift var fritidshus unnateke pålagt feiing og tilsyn. Praksis var at feiing kunne tingast hos feiaren og eigar vart fakturert i etterkant.

Etter at «Forskrift om brannforebygging» frå 2016 tok til å gjelde så vart fritidshus og bustadhus likestilt når det gjeld feiing og tilsyn.  Byggverk som skal ha feiing og tilsyn med fyringsanlegg (eldstad og skorstein) skal få dette etter behov.  Fakturering blir ein del av dei årlege kommunale avgiftene.

Det er litt arbeid å rekke over alle fritidsbustadane, og det vil derfor ta tid  før alle har fått sitt første besøk. Dei som ynskjer feiing og tilsyn før dei er inne i systemet kan ta kontakt med feiar for avtale.

Kontakt

Rune Høydal
Feiar
E-post
Mobil 97 52 88 87