Om oppskyting av fyrverkeriOppskyting på nyttårsaftaNyttårsafta er det lov å skyte opp fyrverkeri mellom kl 18:00-02:00 utan å søkje.Oppskyting utanom nyttårsaftaDersom du ønsker å skyte opp fyrverkeri utanom nyttårsafta, til dømes i samband med feiring av bursdagar eller jubileum, må du søke politiet om løyve til oppskyting av fyrverkeri. Send søknadDette må du ta omsyn til dette når du skal bruke fyrverkeriVêr- og vindtilhøve.Generell brannfare.Oppskyting skal føregå på ein open plass, i trygg avstand frå bygningar og bilar.Sjekk at fyrverkeriet ikkje er skadd og hugs verneutstyr.Fyrverkeri skal ikkje handterast av born eller rusa personar.Dersom ikkje fyrverkeriet går av skal du ikkje prøve å tenne det på nytt, men la det stå i minst 20 minutter og så sette det vekk. Blindgjengarar skal leverast tilbake til utsalsstaden. Publisert 23.01.2025 13.06 Sist endra 08.04.2026 11.23