Open brenning og brenning av avfall i småomner

Lurar du på kva slags brenning som er lovleg, kva som er ulovleg og kva det må søkast om? Her for du ei oversikt over gjeldande lovverk i kommunen.

Gjennom Stad kommune si Lokale forskrift er det eit forbod mot open brenning og brenning av avfall i småomnar. Formålet med dette er å hindre ureining og helseproblem i kommunen som følgje av slike aktivitetar. Nokre type brenningar er likevel unntatt frå forbodet.

I Stad kommune er følgande brenning lovleg:

a.    bruk av grillinnrettingar, utepeisar og bålpanner
b.    turbål brukt i tradisjonelt friluftsliv
c.    brenning av avispapir / reint trevirke i vedomn
d.    brenning av små mengder tørt hageavfall
e.    jonsokbål den 23. juni eller tilstøytande helg*
f.    ranke- og flatebrenning i skogbruket*
g.   brenning av bråte, samt brenning av gras og lyng til beiteforbetring.*

(OBS! Berre brenning av reint trevirke er lovleg. Det er aldri lov å brenne boss.)

*Planlagt brenning i samsvar med punkt e.–g. skal meldast til kommunen på e-post til post@stad.kommune.no. Merk e-posten med «melding om lovleg brenning».

Unntaka som er lista opp i punkt over skal berre finne stad dersom det openbart ikkje kan medføre fare for brann og der det ikkje er til ulempe for andre. 

Unntaka er også er underlagt rammene som følgjer av forskrift om brannførebygging. Det vil blant anna seie at forbodet mot å gjere opp eld i utmark frå 15. april til 15. september framleis gjeld.

Må eg søkje kommunen for å brenne?

Ut over unntaka i lista over, kan kommunen i særskilde høve, etter skrifteleg søknad, gje dispensasjon frå brenningsforbodet i den lokale forskrifta. 

Dersom det er sårbare institusjonar i nærområdet, som skule, barnehage eller helseinstitusjon, eller dersom det er fare for sikthindrande røyk inn på offentleg veg, må det søkast om å få lov til å brenne. Dette gjeld også for planlagt brenning i samsvar med punkt d.–g. i lista over.

For søknad om brenning, benytt digitalt skjema: 

Søknad om brenning

Søknaden må sendast i god tid. Kommunen si sakshandsamingstid er normalt på 3 veker.

Brenning av avfall er forbode

Kommunen kan i svært få tilfelle gje dispensasjon for brenning av avfall, fordi brenning primært ikkje skal fungere som ein metode for å kvitte seg med avfall. Open brenning av næringsavfall er alltid forbode dersom det ikkje ligg føre eit spesifikk løyve etter forureiningslova. Det same gjeld forbrenning av næringsavfall i småomnar.

Leverer du avfallet ditt til gjenvinning, bidreg du til at helse- og miljøskadelege stoff blir tekne hand om, slik at dei ikkje lek ut i naturen og skadar dyr, menneske og miljø.  Alt som blir kjeldesortert, blir gjenvunne, og råvarene som kjem ut av prosessen, blir brukte på nytt slik at vi reduserer bruken av ikkje-fornybare ressursar.  Avfallet ditt har stor verdi! 

Med avfall meiner vi for eksempel byggjeavfall, rivingsavfall, restavfall og næringsavfall. Impregnerte eller måla materialar, dekk, tekstilar, møblar, madrassar og båtar inneheld svært skadelege stoff som kan føre til alvorlege konsekvensar for både helse og miljø dersom dei blir brende. Det er ikkje tillate å brenne avfall, sjølv om bålet er meldt inn til brannvesenet/kommmunen. Det er berre tillate å tenne bål med reint trevirke.