Kommunalteknikk har ansvar for stell og vedlikehald av offentlege parkar og grøntområde, inkl. klipp og stell av grøntareal kring offentlege bygg i kommunen.
Meld inn feil til kommunen her
Du kan melde i frå om:
- trefall/rotfall
- feil på leikeapparat/ fare for skade
- herværk på offentleg park
Stort ansvarsområde, og vi treng hjelp frå deg
Det er eit stort ansvarsområde; og vi må prioritere. For eit best mogleg resultat er vi avhengige av god dialog og hjelp frå deg som bur her og brukar områda. Det kan til dømes vere at du ønsker å bidra til å friske opp ein gammal leikeplass, rydde krattskog i nærområdet ditt, reinske eit blomsterbed, vere aktiv i eit frivillig lag som jobbar med aktivitet i det offentlege rommet
Generelt bidra med noko du synast er viktig der du bur. Vi tar imot både råd og hjelp, så ta gjerne kontakt på e-post eller SMS. Vi har allereie samarbeid med fleire frivillige lag som på ulikt vis bidreg til at det blir betre å bu i kommunen vår.