Propangass i hus og hytteGassflasker:Skal alltid stå oppreist, gjer det ikkje det virkar ikkje sikkerheitsventilen. Behaldar vert tom for væske men ikkje for gass. Tom behaldar skal difor alltid oppbevarast og handterast som full behaldar. I ei bueining kan ein maksimalt ha 2 flasker på 11 kilo. Skal ikkje oppbevarast på loft eller i kjellar dersom golvet er under terreng. Ved plassering i kjøkkenskap kan ein ikkje ha stikkontakt i skapet og luftopning under skapet bør tilsvare minst ø60 mm. Dette for å kunne lede eventuell lekasje fram i rommet. Gassflaske bør helst plasserast utandørs, då helst i metallskap som er ventilert og låsbart. Røropplegg må vere fast gjennom yttervegg og arbeidet må utførast av rørleggar. Gasslanger: Maksimalt 1,5 meter mellom flaske og gassapparat.Heile lengda må vere lett å inspisere.Skiftast kvart 5. år frå produksjonsdato eller før om skader. Forgreining er ikkje lov, total slangelengd skal ikkje overskride 1,5 meter.Er ikkje tillate gjennom yttervegg, krevast fast rørinstallasjon. Godkjent på innervegg om holet er ø100 mm. Fast rørinstallasjon: Montering kan kun utførast av rørleggar med kompetanse i “installasjon av anlegg for gassformig brensel”. Gassvarslar: Ikkje påkrevd, men høgst anbefalt. Les meir her. Publisert 06.11.2024 09.20 Sist endra 13.11.2024 13.05