Statusoppdatering - reinseanlegg for NordfjordeidStad kommune inviterer til informasjonsmøte, og har fått svar på søknad om dispensasjon frå kulturminnelova.Status for ballastrøysa «Presteskjæra» Kommunen fekk den 26. mars svar frå Vestland fylkeskommune på søknad om dispensasjon frå vern etter kulturminnelova § 14. Søknaden er innvilga og Bergens Sjøfartsmuseum har uttalt at det er svært lite potensiale for å gjere funn eller hente ut informasjon frå ballastrøysa. Vestland fylkeskommune har sett som vilkår for løyvet at ballastrøysa blir flytta til ei anna plassering, på grunn av det lokale ønsket om å bevare historia som ballastrøysa representerer. Informasjonsmøte 7. april Stad kommune inviterer til informasjonsmøte om reinseanlegg for Nordfjordeid og detaljregulering for Prestevika aust den 7. april. Formålet med møtet er å orientere om prosessen så langt, og gjennomgå første utkast til plan.I møtet blir det vist illustrasjonar av utfylling, utkast til plankart, samt forklart korleis dei ulike fagtema er vurdert. Dette gjeld mellom anna konsekvensar for naturmangfald (ålegraseng og flikmelde), landskapsverknader, luktvurderingar med fleire. I reguleringsplanen vil det bli stilt krav til vidare utforming av bygg i neste fase. Utforming og detaljprosjektering av bygning er ikkje gjennomført i denne delen av prosessen. Dette vil først kunne gjerast etter at reguleringsplanen er vedteken, når ein har fått gjennomført teknisk forprosjekt og starta opp entreprise. Illustrasjonane viser derfor bygninga som eit volum med maksimal utstrekning. Førebels illustrasjon av utfylling til nytt reinseanlegg, frå moglegheitsstudie. Norconsult Stad kommune ønskjer velkomen til informasjonsmøte måndag 7. april, som er ope for alle interesserte. Meir informasjon om møtet kan du finne her. Publisert 01.04.2025 15.45 Sist endra 01.04.2025 15.46