Selje reinseanleggDetaljregulering for nytt reinseanlegg i Selje er under arbeid. På denne sida kan du finne informasjon om planprosessen og dokument som er utarbeidd.Bakgrunn - nytt reinseanlegg i SeljeDet kommunale silanlegget i Selje handterer i dag avløpsvatn for 1150 personekvivalentar (PE).Anlegget er i dårleg teknisk stand og oppfyller ikkje krav i gjeldande utsleppsløyve eller krav i ureiningsforskrifta. Utslepp vert i dag ført direkte til Hovsundet. Eit nytt reinseanlegg vil betre reinsegraden og gi mindre utslepp til fjorden. Dagens silanlegg skal byggast om til pumpestasjon som skal frakte kloakk til det nye reinseanlegget.Framdrift i sakaOppstart av planarbeid vart handsama i formannskapet 28. november 2024 og vart varsla 10. desember 2024. Forslag til detaljregulering for reinseanlegg i Selje blir lagt fram for førstegongshandsaming i Stad formannskap 12. juni 2025. Planforslaget blir sendt ut ved møteinnkalling til rådsmøta 10. juni og til møte i Stad formannskap 12. juni.Planen må deretter leggast ut på høyring og offentleg ettersyn i minst 6 veker. Det vil bli lagt opp til eit ope møte med presentasjon av planforslaget i høyringsperioden. Etter høyring vil administrasjonen gå gjennom innkomne merknader og gjere eventuelle justeringar før kommunestyret får reguleringsplanen til slutthandsaming og vedtak. Endeleg vedtak av planen vil vere mogleg hausten 2025. Varslingsgrense for oppstart av detaljregulering for reinseanlegg i SeljeMeir informasjonPolitisk sak om varsel om oppstart - 28. november 2024Offentleg høyring - Detaljregulering for reinseanlegg i Selje - Høyringsfrist 24.01.2025Det er gjennomført følgjande utgreiingar/analysar i tilknyting til planarbeidet: Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS)Rammeplan for vatn, avløp og overvatn (VAO)Fagrapport naturmangfaldFagrapport vassmiljøVurdering områdeskredfareFase 1-kartlegging forureina grunnLenke til arkivsak for detaljregulering:Sak 2024/4274 - Detaljregulering for reinseanlegg i SeljeLenke til temaplan for avløp:Temaplan for vassforsyning, avløp og overvatn 2023-2034 Publisert 28.02.2025 10.48 Sist endra 03.06.2025 09.31