Drift av det kommunale veglysnettet
I dag er dei fleste veglysstrekningane knytte opp mot styringsskåp, der ein via nettet kan gjere endringar og avlesing av straumforbruket. Desse veglyskretsane har lyset avslått om natta frå kl. 24.00 til kl. 06.00 på kvardagar og kl. 03.00-06.00 natt til laurdag og søndag.
Der veglyskretsane ikkje har eigen målar, vert lyset sett på av fotocelle når det vert mørkt og slege av når det vert lyst.
Nokre vegar har veglyset på heile natta, då dette ligg i sentale område med ein del aktivitet også nattestid.
Statens vegvesen eig og driftar veglyset langs riksveg 15, og der fylkesvegar har adskilt gang- og sykkelveg. Feil på desse må meldast på telefon 175.
Langs fylkesvegane er det Vestland fylkeskommune som har ansvar for veglysa, med nokre få unntak.
Frå 1. april 2026 overtek Vestland fylkeskommune all drift av veglys på følgjande strekningar:
- FV 5746 Osvegen
- FV 618 Flatraket
- FV 618 Rundereim
- FV 618 Selje - i retning Berge
- FV 5752 Kyrkjevegen - i retning Skårbø
- FV 619 Sandvikeidet
- FV 620 Årsheim
- FV 620 Otnheim - Leikanger
- FV 5753 Leikanger - Øvre Stave
- FV 5751 Leikanger - Borgundvåg
- FV 5750 Årvik
Kva gjer eg dersom det er feil på gatelys?
Stad kommune ønskjer tilbakemelding frå publikum dersom veglyspunkt ikkje fungerer som dei skal. Det er oppretta ein eigen feilmeldingsportal der ein enkelt kan velje lyspunkt og melde feilen inn til oss. Av kostnadsmessige omsyn vert reparasjonsarbeid samla, som betyr at nokre punkt kan stå mørke ei tid. Kritiske punkt (t.d. ved fotgjengarovergangar) vert prioritert og reparert så snart det let seg gjere.
I portalen er kommunale lys det kan meldast feil på merka med gul farge. Grå punkt er ikkje drifta av kommunen og kan ikkje meldast feil på i portalen. Raude punkt har allereie registrert feil.
For å melde inn feil på veglys kan du klikke på boksen i toppen av denne artikkelen.