Den nasjonale folkehelseundersøkinga 2025

I desse dagar gjennomfører Folkehelseinstituttet ei stor nasjonal folkehelseundersøking.
Dersom du har motteke invitasjon på SMS, oppmodar vi om å gje dine svar!

Undersøkelsen blir gjennomført årleg, med mål om å få lands- og fylkesrepresentative data om helse og levevanar blant befolkninga i Norge.

Totalt er 100 000 utvalde personar over 18 år i heile Norge inviterte til å delta. Personane er tilfeldig trekte frå Folkeregisteret og representerar alle aldrar og geografiske område.

Den nasjonale folkehelseundersøkinga består av eit digitalt spørjeskjema som tek omtrent 20 
minutt å svare på. Spørjeskjemaet er tilgjengeleg på fleire språk. 

FHI oppfordrar alle som mottar invitasjon på SMS om å ta seg tid til å svare. Ein høg svarprosent bidreg til å gi eit heilskapleg bilete av helseutfordringane i Norge og til å sikre effektiviteten i det nasjonale folkehelsearbeidet.

– Vi håpar mange vil delta. Alle opplysningar blir behandla i tråd med personvernreglar, og ingen enkeltpersonar kan identifiserast i resultata, seier avdelingsdirektør og prosjektleiar for undersøkinga i FHI Øystein Vedaa.

Folkehelseundersøkinga 2025