DSB
Eigenberedskapsveka 2025 blir arrangert frå 27. oktober til 2. november.
Samarbeid og fellesskap er avgjerande når kriser oppstår. I veke 44 markerer Stad kommune
den nasjonale Eigenberedskapsveka 2025, som i år har temaet «felles eigenberedskap – beredskapsvenn».
Myndigheitene tilrår at flest mogleg er førebudde på å klare seg sjølve i éi veke. Grunnen er at kommunar og naudetatar må prioritere dei som ikkje kan greie seg utan hjelp i ei krise.
Sjølv om Noreg er eit trygt og stabilt land med god beredskap, er det viktig at kvar enkelt innbyggjar også er i stand til å ta vare på seg sjølv og sine ved kriser.
Dersom vi blir ramma av større hendingar som påverkar mange menneske og gjer at viktige tenester ikkje fungerer som normalt, kan ikkje alle få hjelp med det same.
Eigenberedskap handlar om å vere førebudd dersom store kriser rammar oss. Døme på slike kriser kan vere ekstremvêr, langvarige straumbrot, pandemiar, dataåtak, sabotasje, ulykker og krigshandlingar.
Kva er ein beredskapsven?
Myndigheitene oppmodar alle til å bli ein beredskapsven – finn ut kven du kan hjelpe, og kven du kan få hjelp av.
Med ulike eigenskapar og kunnskapar kan familie, vener og naboar støtte kvarandre. Samarbeid og fellesskap er avgjerande i kriser. Snakk med dei rundt deg om kva som kan skje, og korleis de kan klare dykk saman.
Beredskapsvener kan hjelpe kvarandre med omsorg, støtte, opphald og overnatting, deling av utstyr og varer, og praktiske gjeremål.
Meir informasjon om eigenberedskap
-
Laurdag 25. oktober startar Eid Røde Kors opp eigenberedskapsveka med informasjonsstand på handelssenteret Alti Nordfjord. Der kan innbyggjarar mellom anna få praktiske råd om korleis dei kan styrkje eigenberedskapen sin – og korleis ein kan samarbeide med vener, familie og naboar for å stå betre rusta dersom straumen, internett eller mobilnettet fell bort.
Les meir om eigenberedskap på:
• Sikkerhverdag.no. Her finn du bl.a sjekkliste for eigenberedskap med døme på nyttige ting å ha heime. Vi oppmodar om å gå gjennom lageret ditt jamleg!