Kulturprisar i Stad kommune Informasjon om kulturprisar og kulturmidlar for 2025. Stolte prisvinnarar frå 2023, Eline Jacobsen Lillestøl og John Roar Øien. Elin Paulsen Stad kommunestyre behandla 23. oktober saka “Mogleg reduksjon i kulturmidlar og kulturprisar for 2025 og som del av økonomi- og handlingsplan 2026 - 2029” (sak 25/171). I denne saka vart det fatta følgande vedtak: For å nå innsparingskrav for 2025 i samsvar med KS-25/108 vert kulturmidlar og kulturpris sett til 0,- for 2025. Som ein del av arbeidet med å få ein økonomi- og handlingsplan i balanse for perioden 2026 – 2029 vert kulturmidlar sett til 0,- for perioden. Kulturmidlar og kulturpris vert løfta fram til ny vurdering så snart økonomien tillet dette. Kommunestyret opprettholder kulturprisen, ungdomens kulturpris og idrettsprisen med kr. 0 for å gje heder og ære til gode og viktige aktørar innan kultur og idrett. Det er god motivasjon i sjølve prisen sjølv om kommunen ikkje har høve til å gje midlar. Ordførar vert oppmoda om å gå i dialog med næringslivet i kommunen om evt. sponsing av stipenda til idretts- og kulturprisane for 2025. Formannskapet vert pålagt å gjere etiske vurderingar mtp sponsormidlar til dei ulike prisane. Dette betyr at det ikkje vil bli mogleg for lag og organisasjonar å søkje kulturmidlar i år, men du kan nominere kandidatar til kulturprisane, du inn meir info på knappen under. Info om kulturprisane og nominasjonsskjema Publisert 03.10.2025 10.52 Sist endra 31.10.2025 13.18