Margit Fløde
Privat
Eit einstemmig samfunnsutval innstilte i dag Stadlandet ungdomslag og Margit Fløde til vinnar av kulturprisen for 2025. Samfunnsutvalet grunngjev innstillinga si slik:
Kulturprisen 2025 blir tildelt Stadlandet ungdomslag og Margit Fløde. Laget skapar aktivitetar og arrangement gjennom lokalt engasjement, der Margit Fløde blir trukke fram som ei sentral drivkraft. Fløde har gjennom ei årrekke vore ein bærebjelke i drifta av Stadlandet ungdomslag, der ho har hatt ulike leiarverv i meir enn 36 år. Fløde har skapt engasjement og driv i laget, og har vore ein pådrivar for å søkje og skaffe midlar til vedlikehald, drift og utvikling. Ho har skapt eit breitt engasjement som igjen har ført til stor aktivitet og breidde i arrangement og aktivitetar. Samfunnsutvalet meiner at Stadlandet ungdomslag med Margit Fløde i spissen er ein verdig mottakar av Stad kommune sin kulturpris for 2025.
Prisen vert utdelt under Stad kommunestyre sitt siste møte før jul, 12. desember.
Ungdomens kulturpris får utsett nominasjonsfrist
Stad ungdomsråd handsama saka om ungdomens kulturpris under sitt møte 25. november. I år var det ikkje kome inn nominasjonar til prisen. Stad ungdomsråd fatta følgande vedtak i saka:
Stad ungdomsråd vel å utsetje fristen for nominasjon til ungdomens kulturpris. Dei vil bruke lokale aviser og kommunen sine eigne kanalar på sosiale media i forsøk på å skaffe kandidatar til prisen. Stad ungdomsråd vil også informere elevråda på skulane med oppmoding om å nominere kandidatar innan ny frist. Stad ungdomsråd ber samfunnsutvalet setje ny nominasjonsfrist.
Samfunnsutvalet tok vedtaket til vitande, og ny frist for nominering til Ungdomens kulturpris 2025 blir 16. februar 2026. Saka skal handsamast i Stad ungdomsråd 2. mars 2026 og i Samfunnsutvalet 4. mars 2026.