Markering av Barnehagedagen 2023 14. mars feira barnehagane i Stad kommune Barnehagedagen 2023. Dette blei markert på ulike vis rundt om i Stad kommune. Barnehagedagen blir markert over heile landet for å gjere synleg kva barna erfarar og opplev i barnehagen. Årets markering sett søkelyset på betydninga av fleire tilsette i barnehagen. - Barnehagedagen er eit fint høve til å løfte fram det viktige arbeidet i barnehagane, seier Evy Henriette Hage, einingsleiar i Leikvang barnehage på Leikanger. Vi har hatt ulike aktivitetar for å sette fokus på årets tema: Hengt opp bilde som er tatt i løpet av barnehageåret, som viser barn og vaksne i samspel I anledning dagen har vi hatt samling og snakka med barna om kva barnehagedagen er, og spurt dei om kva vaksne i barnehagen gjer Vi har skrive ned det barna har sagt, og hengt det opp på tavla ilag med bildene Når vi spurte om det var viktig med voksne i barnehagen, var det eit klart JA til svar :) Publisert 15.03.2023 11.14 Sist endra 15.03.2023 11.23