Ny strategi for tildeling av midlar til jord- og skogbrukstiltak 2026-2030

Kommunestyret i Stad handsama den nye strategien for midlar til jord- og skogbrukstiltak i kommunestyret 23. oktober. Strategien samlar retningslinjene for alle midlar knytt til jord- og skogbruk som kommunen har ansvaret for å tildele. 

Her finn du retningslinjer for korleis du søkjer om SMIL-tilskot, tilskot til tiltak i beiteområde eller tilskot til planting og anna skogkultur eller skogsvegbygging. Strategien inneheld kommunale prioriteringar, tilskotssatsar, søknadsfristar og kva du kan søkje om tilskot om innanfor dei ulike tilskotsordningane.

Strategien er gjeldande frå 01. januar 2026 og vil ligge til grunn for all søknadshandsaming dei neste åra.