Føremål
Både kommunen og helseføretaket har eit ansvar for å førebygge psykiske plager og rusproblem. Primærførebygging, altså å hindre at slike plager oppstår, fell utanfor helseføretaket sin rekkevidde. Me ynskjer difor i lag å byrje med sekundærførebygging, altså hjelpe dei som alt har utvikla vanskar å handtere desse betre og nytte seg av tilgjengeleg hjelp.
På denne opne temakvelden ynskjer me å opplyse ålmenta om at rusproblem og psykiske plager er å forstå som normale reaksjonar på vanskar, hjelpe folk til å sjølve å meistre meir, forstå korleis hjelpa er organisert og korleis dei kan nytte tenestene rett.
Tid og stad
- Onsdag 12. april 2023 kl. 19-21.
- Operahuset Nordfjord - kinosalen.
Møteleiar
Thomas Vingen Vedeld & Trond F. Aarre
Program
19.00 – 19.10 Velkomen v/ Åslaug Krogsæter & Børge Tvedt
19.10 – 19.25: Det er normalt å ha psykiske plager og rusproblem v/ Trond F. Aarre
19.25 – 19.40: Kva ein sjølv kan gjere når ein slit med rusproblem v/ Monica Vederhus Krabbestig
19.40 – 19.55: Kva ein kan gjere sjølv når ein slit med psykiske vanskar v/ Oda Brendehaug
19.55 – 20.05: pause
20.05 – 20.20: Korleis er helsehjelpa for psykiske plager og rus organisert? v/ Thomas Vingen Vedeld
20.20 – 20.35: Behandling av psykiske plager og rusproblem i kommunen v/ Anne Terese Eikeland
20.35 – 20.55: Behandling av psykiske plager og rusproblem i spesialisthelsetenesta v/ Anne-Karin Høgalmen & Arild Krogh Nøstdal
20.55 – 21.00: Avrunding v/ Åslaug Krogsæter & Børge Tvedt