Søkjer drivar til Selje prestegard

Stad kommune ser etter ein kommersiell drivar av kafé, overnatting og annan aktivitet i Selje prestegard.

Vil du bidra til å skape ein levande prestegard som tek vare på fortida, og som er tilgjengeleg for tilreisande og lokalbefolkninga i Selje? I så fall vil vi gjerne snakke med deg og høyre dine planar!

Stad kommune søkjer ein samarbeidspartnar som kan utvikle kommersiell drift av prestegarden til kafé, overnatting og evt. annan næring. Bruken må vere tilpassa dei historiske bygningane og samarbeid med pilegrimssenteret. 

Stad kommune har godkjent bruksendring av prestegarden frå bustad til næring. Sjå meir info i prospektet.

Prospekt Selje Prestegård Kommersiel Drift 2024  (PDF, 9 MB)
Prospect Selje Prestegård, english (PDF, 9 MB)
 

Utdrag frå prospekt

Visjon

Selje prestegard skal vere ein varm, inkluderande stad der alle er velkomne inn: pilegrimar, turistar og bygdefolk. Ein stad der du kjenner deg heime. Eit sosialt samlingspunkt for alle i Selje.

Misjon

Legge til rette for lokal verdiskaping. 
Kortreist og ureist.

Selje prestegard

Selje Prestegard er kanskje eit av landets mest idylliske freda tun, plassert midt i bygda Selje. 

Prestegarden ligg i kort avstand til stranda på Seljesanden, offentleg transport med hurtigbåt og buss, båten til Selja kloster, matbutikk, stopp for cruiseturistar, gjestehamn og sanitæranlegg. Dette er ein naturleg stoppestad for tilreisande.

Bygningane rommar i dag Regionalt Pilegrimssenter Selje, som er eitt av fire regionale senter langs kystpilegrimsleia mellom Egersund og Trondheim. Pilegrimssenteret skal ta imot reisande og legge til rette for samarbeid, historieformidling og næringsaktivitet langs leia.

Selje prestegard i dag

Stad kommune leiger prestegarden av Opplysningsvesenets fond (OVF) med formål om bruk til allmennyttige formål. 

Stad kommune søker ein samarbeidspartnar som kan utvikle kommersiell drift av prestegarden til kafé, overnatting og evt. annan næring. Bruken må vere tilpassa dei historiske bygningane og samarbeid med pilegrimssenteret. 

Stad kommune har godkjent bruksendring av prestegarden frå bustad til næring. 

Selje som reiselivsdestinasjon

Selje er ei lita bygd i sterk utvikling som turistdestinasjon. Selja kloster hadde i 2023 ca. 6000 besøkande med Klosterbåten. ​​

Utvikling av cruisenæringa i Nordfjord dei siste åra bidratt til sterk auke av besøkande. 

Det planlagde Seljesanden hotell og Stad skipstunnel vil truleg føre til stor tilstrøyming av reisande til Selje framover. 

Formidling av Selja kloster og dei sensasjonelle gravfunna på Seljesanden vil bidra til å setje Selje endå meir på kartet framover. ​​

Kva ser vi etter?

Vi ser etter ein kommersiell samarbeidspartnar som kan drifte kafé og overnatting, utvikle nye konsept, og fylle prestegarden med aktivitet og energi.

Hovudhuset i prestegarden er frå 1700-talet. Her er det seks soverom regulert for12 sengeplassar til overnatting, flotte møblerte stover og kjøken tilrettelagt for kafédrift og arrangement. Prestegarden har ein stor hage med fleire freda bygningar som eldhus, skulestove, borgstove og stabbur. Dei eldste bygningane er frå 1600-talet. 

Vi ønskjer dine idear til korleis samspelet av desse elementa kan utnyttast kommersielt, og bygge eit konsept for turistar, pilegrimar og lokalbefolkninga. 

Kven er du? 

Kanskje har du erfaring frå restaurant- og hotelldrift eller annan reiselivsverksemd?

Kanskje har du erfaring frå kulturnæring, kunst eller historieformidling?

Kanskje har du eit konsept knytt til natur og friluftsliv, yoga, retreat eller anna som kan harmonere med pilegrimssenteret og staden?

Kanskje har du idear til annan næring som kan passe inn i det historiske miljøet i prestegarden?

Vi kan tilby….

Eit unikt historisk miljø i hjartet av turistdestinasjonen Selje.

Moglegheit for drift av Selje turistinformasjon med tilskot frå kommunen.

El-syklar til utleige mot vedlikehald av desse.

Seks soverom med moglegheit for inntil 12 senger med enkel overnatting for pilegrimar og andre, med felles bad (blir oppgradert våren 2024).

Moderne møteromsfasilitetar for utleige.

Flotte møblerte stover forkafé drift og utleige til selskap.

Kjøken og vaskerom. Lån av servise til inntil 20 personar.

Flygel til konsertverksemd, etter avtale med Venner av Selja kloster.

Lån av utemøblar og stor hage.

Drift av nettsida www.seljeprestegard.no

Deling av faste utgifter etter fordelingsnøkkel mellom kommunen, pilegrimssenteret og kommersiell drivar av prestegarden.

Tett samarbeid med Selje regionale pilegrimssenter.

Vi ser for oss at du...

Har ein god og realistisk plan for drift av kafé, overnatting og evt. annan næring i Selje prestegard.
Har kunnskap om lovar og reglar i forhold til næringsverksemd og krav i forhold til mattilsyn, branntilsyn ved overnatting m.m.

Har erfaring med vertskapsrolla og likar å ta imot folk.

Er kreativ og ser moglegheiter.

Har ryddig økonomi.

Har gode samarbeidsevner.

Er ein god formidlar og marknadsførar.

Er ein god historieforteljar.

Kan legge frem eit gjennomtenkt konsept og budsjett.

Send ditt driftskonsept for Selje prestegard innan 18. mars 

Vedlegg:
CV og referansar 
Skatteattest for dei siste tre åra
Budsjett og økonomiplan

Kontaktperson:
Tonje Ramse Trædal, dagleg leiar Regionalt Pilegrimssenter Selje
E-post: tonje.traedal@stad.kommune.no
tlf. 92 62 95 12

www.seljeprestegard.no
www.pilegrimsleden.no​​