Telenor varslar redusert dekning ved oppgradering av basestasjon

Telenor Mobil fortset oppgraderinga av mobilnettet slik at fleire får tilgang til 5G og enda betre kapasitet på 4G. Oppgraderinga skjer ved at basestasjonane blir oppgradert.

Under oppgraderinga vil det vere lågare kapasitet, og i periodar ingen dekning, i området basestasjonane dekker. Dette gjeld kun i område der ein ikkje har overlappande dekning frå ein annan basestasjon.

Det er planlagd arbeid på basestasjonar som dekker delar av Stad kommune med oppstart 21. november. Arbeidet er forventa ferdigstilt 29. november. Arbeidet har referansenummer 47154.

Under finn du eit kartutsnitt over området som vil kunne oppleve periodevis redusert kvalitet og manglande dekning i høve arbeidet*.  Kundar som har Telenor trådlaust breiband og mobilt abonnement blir kontakta direkte av Telenor, dersom det er forventa at ein mistar dekning på registrert adresse. (PDF, 101 kB)

For meir informasjon om utbygging og dekning finn du på Telenor si nettside.

Kartutsnitt som viser redusert dekning frå Telenor Mobil - Klikk for stort bilete

*Oransje = kapasiteten kan bli redusert. 
Raudt = dekninga kan forsvinne heilt