Trygg Trafikk-kurs for alle barnehagetilsette 14. mars

Mange barnehagar var representert då Trygg Trafikk inviterte barnehagetilsette i Stad kommune og Nordfjord til kurs om barn og trafikk, og korleis vi kan oppnå ein enda tryggare kvardag for borna våre. 

Fleire tema og problemstillingar knytt til trafikktryggleik blei drøfta under hovudtemaet "korleis bli tryggare med barn i trafikken". 

- Gjennom kurset ønskar vi å gje dei barnehagetilsette ei grundig innføring i korleis dei på ein enkel og morosam måte kan arbeide med trafikktryggleik i barnehagen, seier kurshaldar og spesialrådgjevar Marie Louise Simonsen Zangenberg i Trygg Trafikk, frå hovudkontoret i Oslo.

- Barn er impulsive. Dei har lett for å gløyme at dei er i ferd med å krysse vegen dersom dei oppdagar noko spennande. Før 7-årsalder er barn si tenkning konkret og knytt til det som skjer her og no. Derfor har dei også liten evne til å sjå føre seg hendingar eller å overføre erfaringar frå andre situasjonar. I desse første sårbare barneåra er barnehagen ein særs viktig arena for å skape læring og tryggleik for barna. Kurs for dei tilsette i barnehagane er derfor ein viktig prioritet i arbeidet vårt, understrekar kurskontakt og spesialrådgjevar i Trygg Trafikk Vestland, Audun Heggestad.

Tema på kursdagen 14. mars: 

  • Pedagogiske metodar i trafikken
  • Trafikk i Rammeplanen
  • Barn sine føresetnadar
  • HMS
  • Sikring i bil og buss
  • Rutinar på tur
  • Foreldresamarbeid
  • Barna sin Trafikklubb
  • Trafikksikker barnehage