Utekontor - Temaplan for klima

Stad kommune er i gang med å utarbeide ein temaplan for klima. Arbeidet skal bidra til å løyse dei globale klimautfordingane ut frå eit lokalt perspektiv.

Kort om planen

Planen skal omhandle korleis vi kan redusere utslepp av klimagassar, og korleis vi kan tilpasse oss til klimaendringane. I tillegg vil vi ha eit særleg fokus på naturmangfald, og korleis vi kan styrke integrering av naturmangfald i klimaarbeidet. Utslepp av klimagassar, tilpassing til klimaendringar, og naturmangfald heng tett saman.

Medverknad

Når Stad kommune skal vedta planar for framtidig utvikling, har alle rett til å kome med sine meiningar undervegs i prosessen. Du kan til dømes bidra med kunnskap om behov og utfordringar, og med tankar om utviklingsretning og satsingar som du meiner er viktig.

Både innbyggarar og lokale lag og organisasjonar vert spesielt oppfordra til å involvere seg. Aktiv deltaking er viktig for lokaldemokratiet, for lokal samfunnsutvikling og for å få til ein god plan.

Kom innom klimaplanen sitt utekontor på ein kopp kaffe og sei di meining! I april inviterer Stad kommune til utekontor der alle som har innspel eller ønskjer ein dialog om klima er velkomne innom.

Kva? Når? Kvar?

Om du ikkje har høve til å delta på utekontor kan du sende innspel til post@stad.kommune.no og merk e-posten med 23/3828. Meir informasjon finn du her!