Detaljregulering for næringsområde på Lundastranda - 2. gangs høyring og offentleg ettersyn med frist 25.08.2023

Detaljregulering for næringsområde på Lundastranda vart handsama i utval for areal og eigedom i sak 23/092 den 12. juni 2023.

UAE- 23/092 Vedtak

Detaljregulering for Lundastranda næringsområde med Plan-ID 2021005, vert i medhald av Plan- og bygningslova § 12-11 lagt ut til andregongs høyring og offentleg ettersyn.

Plankart Lundastranda næringsområde - til 2. gongs høyring og offentleg ettersyn

 

Føremålet med planen

Bakgrunnen for planarbeidet er at Nordfjord Vegservice AS ønskjer å etablere seg i området med
hovudkontor og verkstadslokale, og elles nytte området til parkering for maskiner og konteinerar.
Formålet med planarbeidet er å planlegge for utvikling av eit næringsområde langs Lundastranda,
mellom Lund og Høynes, gnr/bnr 67/1, 2 og 3. Planlagt utbygging omhandlar etablering av eige
hovudkontor for verksemda. Det er ynskje om å utarbeide detaljregulering som legg til rette areal til etablering av kontor og verkstadslokale for entreprenørverksemda Nordfjord Vegservice AS med tilhøyrande parkering for maskiner og konteinerar.

Offentleg ettersyn

Offentleg ettersyn skal sikre at offentlege organ, naboar, interesseorganisasjonar og andre får høve til å uttale seg om planforslaget før endeleg vedtak.

Meir informasjon

Saksutgreiinga, plandokument, tilhøyrande rapportar og vedlegg finn du på høyringssaka:

Detaljregulering for næringsområde på Lundastranda

Du kan òg kome innom rådhuset på Nordfjordeid eller innbyggjartorget på kommunehuset i Selje og få utskrift av dokumenta der.

Merknad til planforslaget

Du har høve til å kome med skriftleg uttale til planforslaget. Til dømes om arealbruk, omsyn eller andre relevante opplysningar. Uttale skal merkast med «23/2730», og kan sendast via skjema på
kommunen sine heimesider, per e-post til: post@stad.kommune.no eller post til Stad kommune, Rådshusvegen 11, 6770 Nordfjordstad.

Frist for å kome med uttale er sett til 25.08.2023.