Varsel om oppstart av planarbeid: Alleen 21

Varsel om oppstart av planarbeid: Alleen 21

Arealtek AS varslar på vegne av SISA Invest AS om oppstart av detaljregulering for Alleen 21 på Nordfjordeid. Planarbeidet skal legge til rette for bygging av Statens hus.

Forslag til planavgrensing for detaljregulering av Alleen 21.      

Planområdet omfattar hovudsakleg eigedomane 46/2 og 45/103 ved Alleen 21. Siktemålet med planen er å legge til rette for kontor/offentleg tenesteyting, grøntområde og gang- og sykkelveg.

Planen blir fremja som ein privat reguleringsplan der Arealtek AS og Besseggen Arkitekter er engasjert til å utarbeide planen. Oppstart av planarbeidet blir varsla i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8.

Synspunkt og innspel til planarbeidet kan sendast til Henri Auer hea@envidan.no eller per brev til Arealtek AS, Elvarheimgt. 10B, 2408 Elverum innan 6. november 2022.

Spørsmål kan rettast til Henri Auer på tlf. 459 19 853.

Meir informasjon om planarbeidet: