Kultur og samfunnKommunalområde for kultur og samfunn har som formål å legge til rette for å styrke stadkvalitetar og det samspelet som i sum gjer eit nabolag, ein tettstad eller eit større samfunn attraktivt, livskraftig og trygt å flytte til, bu i, besøke, drive næring og arbeide i. Kommunalområdet omfattar også ansvar for veg, vatn og avløp, reguleringsplan, byggesak, geodata, oppmåling, landbruk, natur og miljø, brann og redning, eigedomsforvaltning, park og grønt. Området omfattar: Lokal samfunnsutvikling med hovudarbeidsområde næring, reiseliv, bulyst, kulturvern og nærdemokrati Kultur inkludert kulturhus, bibliotek, kulturskule, frivilligsentral Arbeid og velferd (NAV) Kommunalteknikk inkludert veg, vatn, avløp, park og grønt Eigedom inkludert reinhald, vaktmester, kjøp, sal og utleige av eigedom Brann og redning Plan og forvaltning inkludert reguleringsplan, byggesak, geodata, oppmåling, landbruk og miljø Kommunalsjef for kultur og samfunn i Stad kommune er Astrid Paulsen. Publisert 01.01.2020 12.15 Sist endra 18.11.2022 09.48