Kva handlar omstillinga om?

Stad kommune skal gjere store endringar for å få ein berekraftig økonomi frå 2025 til 2028. Målet er å halde tenestene i gang og utvikle lokalsamfunnet, samstundes som økonomien kjem i balanse. Dette arbeidet har fått namnet «Program for berekraftig økonomi 2025–2028».

Kvifor treng vi eit “program” for arbeidet?

Vanlegvis jobbar kommunen med daglege oppgåver som å tilby velferdstenester og utvikle samfunnet. Men når vi må tilpasse oss ein strammare økonomi, må vi tenkje nytt. Det er difor laga eit eige program for å planleggje og styre omstillinga. Programmet handlar om å oppnå resultat som sikrar framtida, i tillegg til å løyse daglege oppgåver.

Kva betyr dette for kommunen?

Arbeidet vil vere krevjande for både politikarar, leiinga i kommunen og tilsette. Kommunen har ikkje mykje ekstra ressursar, så nokre vanlege oppgåver må vike for å prioritere omstillingsarbeidet. Det betyr at alle må omstille seg og bidra for å nå måla.

Endringar påverkar oss alle

Endringar i kommunen vil påverke korleis vi leverer tenester. Endringar skaper ofte motstand og uro, men konsekvensane vil bli store for både kommunen og innbyggjarane om ein ikkje tek nødvendige grep og tilpassar driftsnivået. Kommunen må difor planleggje godt og ha fokus på ei trygg gjennomføring og god medverknad i prosessen.

Kva gevinstar ønskjer vi?

Målet med programmet er:

  • Å få økonomien i balanse (unngå ekstra kostnader)
  • Å bruke tid og kompetane meir effektivt (betre tenester)
  • Å sikre eit berekraftig samfunn for både folk og miljø

Kostnader og støtte

Programmet blir hovudsakleg gjennomført med dei ressursane kommunen allereie har. Er det behov for ekstern hjelp til spesielle prosjekt, må kommunestyret godkjenne dette. Kommunestyret har allereie løyvd pengar til vurderingar innan skule, helse og omsorg.

Artikkelliste