Mål med programmet

Kva er målet med arbeidet?

Hovudmålet med programmet for berekraftig økonomi er å lage ein betre og meir berekraftig kommune for oss alle – både no og i framtida.

Kommunen jobbar for å tilpasse drifta til dei pengane vi har tilgjengeleg, samstundes som vi sikrar gode tenester for innbyggjarane. Målet er å lage ein økonomiplan som er i balanse, der vi prioriterer ressursane rett og tek vare på både folk, miljø og framtida for Stad kommune.

Vi jobbar ut frå tre berekraftsperspektiv

Økonomisk berekraft: Bruke pengane våre på ein smart og effektiv måte, slik at vi kan møte behova til både dagens og framtidige generasjonar.
Sosial berekraft: Skape eit trygt og godt samfunn der alle har moglegheit til å leve eit verdig og rettferdig liv.
Miljømessig berekraft: Ta vare på naturen og redusere klimagassutsleppa, slik at vi kan møte klimaendringane og sikre ei berekraftig framtid.
 

Kva skal vi oppnå gjennom prosjektet?

1. Felles kunnskap: Vi skal i omstillingsarbeidet samle kunnskap om korleis vi best kan drifte kommunen sine tenester. Kunnskapen kan òg hjelpe oss å sette langsiktige mål for kommunen.

2. Innsparing og omstilling: Vi skal finne konkrete måtar å spare pengar og omstille drifta på. Dette kan til dømes vere:

  • Å bruke tida og ressursane våre meir effektivt.
  • Å fordele arbeidsoppgåvene betre.
  • Å sikre at vi bruker kompetansen i kommunen på rett måte.
  • Sjå på tiltak som kan gje høgare inntekter.

Det vil i ein slik prosess også vere nødvendig og naturleg å vurdere strukturane i kommunalområda. 

3. Vurdering av tiltak: Tiltak vi foreslår, skal bli grundig vurderte. Vi skal sjå på kva som kan bli sett i verk, kva som bør leggast vekk, og kva som treng meir utgreiing. I denne prosessen skal vi:

  • Kartlegge kven tiltaka påverkar.
  • Vurdere økonomiske og sosiale konsekvensar.
  • Sikre at alle som blir berørte, får god informasjon og moglegheit til å medverke.