Organisering

Kommunestyret i Stad kommune har vedteke eit omfattande program som skal gjennomgå strukturane i heile kommunen. Dette inkluderer sentraladministrasjonen, kommunalområda kultur og samfunn, helse og omsorg samt oppvekst og opplæring. 

Overordna ansvar

Som øvste arbeidsgjevar har kommunestyret ansvaret for å leie omstillingsarbeidet og sikre at prosessane vert gjennomførte på ein god og rettferdig måte. Alle avgjerder i programmet vert tekne av kommunestyret, basert på innstillingar frå formannskapet og vurderingar frå andre politiske organ.
Alle politiske saker og utgreiingar som vert produserte i programmet vil følgje den ordinære politiske møterunden, inkludert råda. 

Medverknad i prosessen
Tillitsvalde og tilsette vil bli involverte tidleg i prosessen dersom det vert vurdert organisasjonsendringar. Tillitsvalde er viktige bidragsytarar i utviklings- og omstillingsarbeidet, og gode informasjonsrutinar vil bli etablert for å sikre at alle blir høyrde. Arbeidsmiljøet og dei tilsette sin tryggleik, helse og velferd står sentralt i arbeidet.

Gjennom heile programperioden vil det bli lagt vekt på open dialog og samarbeid mellom politikk, administrasjon og dei tilsette for å sikre gode løysingar for Stad kommune. 

Roller og ansvar

Kommunestyret er programeigar og skal ta avgjerdene i programmet.  

Finansutvalet får saker til drøfting og formannskapet innstiller til kommunestyret. 

Administrasjonsutvalet er eit møtepunkt mellom politikk, administrasjon og tillitsvalde der spørsmål om omstillingsarbeidet kan diskuterast.

Kommunedirektøren er programleiar og kommunedirektøren si leiargruppe fungerer som programstyre.  

Tillitsvalde og verneombod skal delta i hovudprosjekta. Reglar for medverknad og omstilling skal følgjast, jf. Stad kommune sitt omstillingsreglement. Formelle drøftingar i programmet skal skje i HTV/HVO-møte.  

Prosjektleiarar og prosjektansvarlege har ansvar for å legge til rette for godt opplyste saker til drøfting. Arbeidsmiljøutvalet si rolle er å overvake arbeidsmiljøet og sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Utvalet skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet og følgje utviklinga i spørsmål som har med arbeidstakarane sin tryggleik, si helse og velferd å gjere. 

Programkontoret si rolle i programmet er å gi støtte til hovudprosjekta og utarbeide malar og verktøy til bruk i programmet. 

Kommunalsjefane er prosjektansvarlege for kvar sitt hovudprosjekt.