Oppvekst og opplæring - delprosjektKommunalområdet for oppvekst og opplæring omfattar barnehagar, skular m/ SFO, barnevern, opplæring og integrering inkludert flyktningetenest og vaksenopplæring og PPT (Vestland fylkeskommune). 23. januar 2025 vedtok kommunestyret å igangsetje følgjande delprosjekt innanfor oppvekst og opplæring: Utgreie ny barnehage- og skulestruktur Utarbeide ei skulefagleg vurdering ved dei einskilde skulane og samla for stad kommune. Her under: fagleg utbytte, trivsel og læringsmiljø, kostnad per eining og per elev, samla kostnad for kommunen, fagleg kompetanse og kompetansekrav. Inkl. Kostra. Utarbeide ei barnehagefagleg vurdering ved dei einskilde barnehagane og samla for Stad kommune. Her under: fagleg kompetanse ved einingane, kostnad pr eining, samla kostnad for Stad kommune i høve Kostra. Vurdere kva barnehage og skulestruktur som er best tenleg for Stad kommune både på kort sikt og i eit lengre perspektiv. Haugen barnehage Vurdere avvikling av Haugen barnehage. Gymsal Haugen Vurdere bygningstilstand og moglegheitene for å oppretthalde bygg og bruk som gymsal. IKT og lisensar Få oversikt og samordne lisensar innan dei ulike programvarene inkl. lisensar som er knytt til lærebøker og ulike læremiddel. Samordne innkjøpsavtalar i ein større region. Lærebøker og læremiddel Får oversikt og samordne innkjøp av lærebøker og læremiddel i regionen, og framforhandle felles innkjøpsavtalar Barnevernet Vurdere tal til tiltak, bemanning og kostnader i høve Kostra. Opplæring og integrering Vurdere organisering av eininga, busetnad og innkjøp av naudsynt utstyr til nye flyktningar Publisert 15.01.2025 12.53 Sist endra 29.01.2025 10.40