Utvikling av tenester og samfunn
Programmet vert organisert i fire hovudprosjekt med utgangspunkt i kommunalområda i kommunen – Oppvekst og opplæring, Helse og omsorg, Kultur og samfunn og Sentraladministrasjonen. Sjølv om hovudprosjekta vert organiserte med kommunalområda som utgangspunkt, vil ein i fleire av delprosjekta arbeide på tvers av einingar og kommunalområde.
Alle hovudprosjekta har eit overordna fokus om at organisasjonen skal klare å tilpasse drifta til dei rammene som kommunen har tilgjengeleg. Prosjekta skal i fellesskap gje gevinstar som stettar målet om:
- ein økonomiplan i balanse
- ei forsvarleg og effektiv tenesteyting
- eit sosialt berekraftig samfunn
- eit klimarobust samfunn
Delprosjekt: Innsparings- og omstillingstiltak
Det er utarbeidd ei oversikt med moglege innsparings- og omstillingstiltak i organisasjonen som ein ønskjer ei politisk vurdering av. Innsparings- og utgreiingstiltaka er strukturert under dei tre kommunalområda og sentraladministrasjonen.
Kommunestyret gjorde 23. januar vedtak om kva delprosjekt som skal utgreiast og leggast fram for politisk handsaming.
Tiltaka ein går vidare med må ha politisk forankring og vere vurderte som politisk realistiske tiltak.