Kva er kommuneplanen sin arealdel?
Arealdelen viser kvar vi kan leggje til rette for til dømes bustader, næring og vegar, og kva område som skal nyttast til landbruk, friluftsliv eller vern. Planen påverkar dermed både kvardagen til innbyggjarane og utviklingsmoglegheitene for næringslivet.
Plankartet og føresegnene er juridisk bindande og gir rammer for reguleringsplanar og byggjesaker. Ei planskildring forklarer innhaldet og vurderingane bak planen. Konsekvensar for miljø og samfunn og risiko skal òg vurderast.
Kvifor lagar vi ein ny plan
I dag har Stad ulike arealplanar for dei tidlegare kommunane Eid, Selje og Vågsøy, i tillegg til ein kommunedelplan for sjøareal. Planane har ulik alder, oppbygging og detaljeringsgrad.
Ein felles plan skal gi meir oversiktlege og føreseielege rammer for arealbruken i heile kommunen. Det skal bli enklare for innbyggjarar og næringsliv å finne ut kva som er mogleg å gjere på ein eigedom.
Arbeidet byggjer på kommuneplanen sin samfunnsdel, som vart vedteken i juni 2026. Måla og arealstrategiane der skal følgjast opp gjennom konkrete prioriteringar i arealdelen.
Utvikling og omsyn må vurderast samla
Behovet for bustader, arbeidsplassar og infrastruktur må vegast mot omsynet til natur, jordbruksareal, klima, kulturmiljø og samfunnstryggleik. Kvar vi byggjer, påverkar òg transportbehovet, tilgangen til tenester og kostnadene til kommunal infrastruktur.
Som del av arbeidet går kommunen gjennom eldre planar og areal som er sette av til utbygging, for å vurdere om dei framleis svarar til behova og føringane for framtidig utvikling.
Korleis kan du medverke
Første steg er eit planprogram som skildrar kva vi skal prioritere, kva vi treng meir kunnskap om, og korleis planarbeidet og medverknaden skal gjennomførast. Planprogrammet skal på høyring før det blir endeleg fastsett.
Etter planprogrammet er vedteke vil innbyggjarar, næringsliv, lag og organisasjonar få høve til å bidra med kunnskap og innspel. Kommunen vil informere om framdrifta og korleis du kan delta på heimesida.