Møte 13. februar - Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid

Næringslivets utval for eit berekraftig Nordfjordeid gjennomførte den 13. februar 2023 eit nytt arbeidsmøte. Møtet skulle etter planen vere det siste arbeidsmøtet for utvalet. Utvalsmedlemmane var samde om at ein ønskte å halde fram arbeidet i utvalet, og delta i det vidare med ny strategisk plan for Nordfjordeid. 

Løypemelding 

Agenda

Presentasjon frå Byrr ved Steinar Engeland

Presentasjon frå administrasjonen

Diskusjon - løypemelding

Vidare arbeid

Utvalet si tilråding til vidare arbeid ser slik ut:

  1. Utvalet ønskjer å delta vidare i arbeidet med strategisk plan for Nordfjordeid sentrum.
  2. Utvalet ved administrasjonen utformar ei løypemelding til Stad kommunestyre, der utvalet sine tilrådingar fram til no blir summert opp og der utvalet ber om eit mandat for vidare arbeid.
  3.  Utvalet ser det som kritisk at nødvendig førebuande arbeid for ny arealplan vert sett i verk, som mellom anna femnar om:

  • Avdekke potensialet for fortetting og byggehøgder: Gjennomføre fortettingsanalyse/volumstudie.Innsikt i trendar, avdekke framtidig arealbehov for ny næring og få kunnskap om kva næringar som treng «akutt førstehjelp»:
  • Gjennomføre/oppdatere nærings- og handelsanalyse
  • Gjennomføre ein forstudie for konsept for nytt næringsareal og peike ut aktuelle areal for ny næring.
  • Gjennomføre grunnundersøkingar i sjø m.m,
  • Fjordfrontstudie – avdekke tolegrensa for utfylling for nytt nærings- og bustadareal, forbetre ålmenta si tilgjenge til fjorden og skissere ferdigstilling av Nordfjordeid sin fjordfront

4. Utvalet stør opp om følgjande utviklingsprosjekt:

  • Etablere Campus Nordfjord
  • Nordfjordeid som skule- og idrettsstad, avklare arealbruk også for fjordhest
  • Realisere Statens hus
  • Nordfjordeid som regional energihus (nasjonalt fjordvarmesenter, landstraum, nye energiberarar, ladepunkt m..)
  • Utvikle samarbeidet med private aktørar
  • Utvikle sentrumskvalitetane (badstu, gjestehamn, fjordsti, badebryggje m.m.)
  • Følgje opp og utvikle Eidsgata spesielt
  • Skape treffpunkt og uformelle møteplassar.                                                                          

5. Utvalet ønskjer at det blir lagt til rette for meir innsikt og samarbeid omkring arbeidet med Nordfjordeid sentrum. i første fase gjennom:

  • Gjennomføre uformelt treff mellom unge vaksne av unge vaksne, inkl. aktuelle SOME-tiltak
  • Gjennomføre frukostmøte og informere om arbeidet
  • Gjennomføre ein næringskonferanse
  • Vurdere moglegheitane for å inkludere barn og unge gjennom skulearbeid
  • Arbeide med design og format ved ulike bruk av kommunikasjon til ulike målgrupper