Oppsummering av utvalet sitt gruppearbeid etter presentasjon av plangrep for sentrum av Nordfjordeid. Dette er nøyaktig avskrift av utvalsmedlemmenes sine svar på følgande spørsmål:
Nemn tre element/forhold som du meiner er bra med plangrepet?
• Samanhengande sjøfront
• Positivt å opne opp «kanaler» mellom Eidsgata og kjøpesenter/fjorden
• Bra med definert sentrumskjerne
• Lurt å utvikle «rutebiltoma» til bustader
• Sentralt plassert torg skjerma for veir og vind
• Torg, bolig og portal mot sjø
• Litt fylling utenfor Sagaparken, bustad er bra, tilbakeføring av strandpreget
• Fleire bueiningar i sentrum – må vere «for alle»
• Komprimert utbygging av ny og eksisterande handel slik at Eidsgata blir inkluderande
• Strandpromenaden frå cruise-kaia/småbåt til Sagastad/Saga-parken
• Strandpromenade (kombinert stormsikring) frå torg til kai
• Etablert eit «senter» knutepunkt i sentrum som koplar Eidsgata og Sjøgata saman
• Fleire leiligheiter i sentrum
• Definert torg som involverer Eidsgata
• Bind aktivt i hop Eidsgata og Sjøgata
• Hovudtorg som binder Eidsgata til sjøen
• Promenade/gangveg langs sjøen
• Boliger på parkeringsplass sør for Rema 1000 i 2 etasjer + saltak
Nemn tre forhold som du er bekymra for med plangrepet?
• «1 km med kultur» er ikkje heilheitleg med
• Ta med Nordøyrane som utviklingsområde
• Allmenningen bør utviklast til parkareal. Manglar i dag
• Sjøfronten er for avgrensa i utstrekning
• Manglar omtale av plasskrevjande areal til næring
• Er det for mykje fokus på bustader framfor næring i sentrumskjerna?
• Manglar fokus på fortetting av «Sjøgata»
• Sørøyrane må inn som eit kjerneområde for transformasjon
• Yris-tomta manglar omtale
• Rutebilstasjonen er eigd av Bane-Nord. Dei skal ha av/påstigning der i 10 år! + Evt næring/bustad.
• Saknar meiningar om parkering – bygge på asfalt/park og få parkering på t.d. tak på nye bygg.
• Tek ikkje omsyn til totalarealet/aktiviteten i det «store» Nordfjordeid. Plasskrevjande næring.
• Ulike tematikkar: Næringsareal, skule-/idrett, utvikling av reiselivsnæringa er for dårleg synleggjort.
• For lite fokus på næringsareal i sentrum
• Kost/nytte utfylling?
• Attraktivitet/bulyst?
• Kva er behovet til dagens og morgondagens ungdom?
• Mange ubesvarte spørsmål for Nordfjordeid framleis. Jobbar ein medstrøms?
• Sentrumskjernen er for snever - bør gå til Eidselva i sør, Stokkenes og inn til Nordøyrane
• Større fokus på næring/næringsareal
• Behalde parkeringsplass i større grad enn gjort her
• Må inn med Øyane som næringsareal – i ein overordna plan
• Det definerte sentrumsarealet er for lite i forhold til reelt utbyggingsareal i Nordfjordeid sentrum
• Skisserer for mange bygg. For mange tar fjordutsikt
• Kople på skulekorridoren og campus som ein del av sentrum
• Bygger boliger foran eksisterende boliger ved Sjøgata
• Bygger ned mange parkeringsplasser
• Savnar eit kombisenter m/ tilrettelagte leiligheiter for eldre og familiar. Pluss felles leiligheiter som fellesskapet kan leige ved besøk.