1.) Utvalsmedlem saknar ei meir innovativ tilnærming av den innleiande delen av strategidokumentet.
Svar frå kommunen: Teke til vitande.
2.) Utvalsmedlem stilte spørsmål om fortettingsanalyse og behovet for nye bustadareal. I analysen er det peika på at det ikkje er behov for nye bustadareal i randsona av sentrum. Korleis tenkjer de å busette folk i framtida?
Svar frå kommunen: Kommunen peikar på at det er eit stort fortettingspotensiale i sentrum. Ved å utnytte dette, vert det samtidig frigjort enebustadar i randsonen. Vidare har vi regulerte bustadfelt som Langelandåsen. Denne må reviderast før den kan iverksettast. I tillegg har vi fleire område som er regulert av private, som ikkje er utbygde. Med utgangspunkt i befolknigsframskrivingar ser vi ikkje behov for ytterlige nye bustadfelt.
3.) Utvalsmedlem er skeptisk til etablering av parkeringskjellar. Meiner det er også overdimensjonert å samanlikne oss med t.d Ålesund sentrum. Historisk sett var det svært høge krav til parkering i Eid sentrum. I dag har ein moderert seg når det gjeld krav til parkering.
Svar frå kommunen: Dersom ei skal transformere og fortette i sentrum, må det eksempelvis vere parkeringsareala ein byggjer ned. Dersom ein manglar parkeringsareal, må dette skje t.d. ved å etablere nye parkeringsareal under bakken.
4.) Utvalsmedlem peikar på at hadde ein bygd Alti i dag, er hen sikker på ein hadde bygt meir arealeffektivt. Ein hadde mest sannsynleg bygd bustadar i kombinasjon med forretning og kontor.
5.) Utvalsmedlem informerer om at huseigar hos Alti er interessert i å utvide. Det er openbart korleis Alti bør utvidast, det er mot Sjøgata eller i retning Rema 1000. Dette vil medføre at ein må bygge ned t.d. 100 parkeringsplassar. Slik Alti ser det er parkering på tak på nytt tilbygg einaste løysinga for å erstatte dei tapte parkeringsareala. Vi må tenke smart i høve arealutnytting og utnytte areala i t.d. Lunden handelspark på ein god måte.
6.) Utvalsmedlem meiner vi ikkje kan bygge igjen meir langs fjordfronten. Vi må sikre siktlinjer mot fjorden.
Svar frå Stad kommune: Det er i arealplan vi må sikre siktlinjer i sentrumskjernen.
7.) Utvalsmedlem utfordrar folk på behovet for siktlinjer mot sjø. Vi må skilje mellom siktlinjer og utsikt. Ved å gå opp i høgda har vi mykje utsikt - er dette det viktigaste når vi skal utvikle Nordfjordeid sentrum?
Svar frå Stad kommune: Det er viktig er å sikre og aktivere tverrsambanda mellom Eidsgata og fjorden. Det er særskilt område ved Eid kyrkje og kulturhistoriske punkt som er viktig med tanke på siktlinjer.
8.) Utvalsmedlem la merke til at Kyrkjeparken vart nemnt. Her må vi huske innspelet om Sofus Lie og matematikkparken.
9.) Utvalsmedlem spør korleis fjordhesten kjem inn i skulekorridoren?
Svar frå Stad kommune: Fjordhestsenteret kunne også skiljast ut som eige område, men i samband med strategiarbeidet meiner vi at det passar inn sidan det er kopla mot kultur og idrett.
10.) Utvalsmedlem er (som leiar i elveeigarlaget) oppteken av kva ein skal opne for langs Eidselva. Vil ikkje at det skal opnast for fleire turgåarar, særleg turistar med lite kunnskap sidan lakseelva er svært sårbar.
Svar frå Stad kommune: Teke til orientering.
11.) Utvalsmedlem meiner at det er uheldig om handelsføresegna er til hinder for handelsetablering i Lunden.
Svar frå Stad kommune: I dag har kommunen ei sentrumsavgrensing som ikkje hindrar etablering av handel i Lunden. Det er føringar i reguleringsplan som er i konflikt med dette.