Forprosjekt sambruk og lokalisering skule og idrett

Kommunen har sett eit behov for ein langsiktig og føreseieleg plan for utvikling av dei offentlege bygningane for både skule- og fysisk aktivitet. Det er strategisk viktig at områda rundt idrettshallen, idrettsparken og skulane i Nordfjordeid blir utvikla gjennom ein sambruk, slik at området er godt tilrettelagt for barn og ungdom både i skulen og på fritid. 

Resultatmål:

  • Rammeplan med mål, strategiar og tiltak for i størst mogleg grad av sambruk av beståande skule- og idrettsbygg mellom kommunen og idretten i Nordfjordeid.
  • Framlegg til utvikling av nye anlegg som er med på å bygge opp under sambruksmodellen skule og idrett
  • Ny løysing for trafikkavvikling og parkering for skule og idrettsområdet

Effektmål:

  • Berekraftig bruk av bygg (økonomi, fotavtrykk m.m)
  • Berekraftig og trygge lokalsamfunn (barn og unges helse, fortetting, arena for samskaping, møteplass på tvers etc)
  • Funksjonell og effektiv bruk for eigar av bygg og brukarar av bygg
  • Føreseielege rammekår mellom kommune og idrett

Eid IL, Stad idrettsråd og og Stad kommune er samde om at ein vil utgreie moglegheitene for å samlokalisere Eid IL fotball i endå større grad på heile skule- og idrettsområdet, og utgreie potensialet for endå meir sambruk av eksisterande bygg.  

Innspel frå arbeidsverkstaden 31.01.2023

Innspel frå arbeidsverkstaden 17.02.2023

Gjennom arbeidsverkstaden med prosjektgruppa kom det fram at det er ein del trafikale utfordringar i området rundt skuler og idrettsparken. Administrasjonen har til no hatt eit dialogmøte med Statens vegvesen kor ein såg på dagens trafikale situasjon. 

Dialogmøte med Statens vegvesen 03.03.2023

Prosjektgruppa

Dei ulike prosjektmedarbeidarane skal bidra med kunnskap og innspel i forhold til å utvikle idrett og skuleområdet som sambruk. 

  • Arild Vonheim - Stad kommune
  • Gry Leikanger - Stad kommune
  • Kristina Høydahl - Stad kommune
  • Peder Felde - Eid ungdomsskule
  • Anne-Grete Eikås - Nordfjordeid skule
  • Kenneth Vedvik - Nordfjordeid skule
  • Alf Reidar Myrstad - Eid vidaregåande
  • Ståle Sandal - Eid idrettslag
  • Stein Bjørhovde - Stad idrettsråd
  • Geir Moldestad - Eid idrettspark
  • Silvia Førde - Fjordane folkehøgskule

Artikkelliste