Stad eldreråd

Rådet skal arbeide for å betre eldre sine levekår i heile Stad kommune. Eldrerådet har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld eldre, og uttaler frå rådet følgjer saksdokumenta til det kommunale organet som avgjer saken. 

Rådet skal ikkje gå inn i saker som gjeld enkeltinnbyggjar, og det er ikkje ein klageinstans. Medlemmar i eldrerådet representerer alle eldre i Stad kommune, og skal bidra til at eldre får god medverknad i saker som gjeld eldre.

Møta i eldrerådet er opne for publikum, men kan bli lukka etter vedtak med heimel i lov. 

Møteplan for Stad eldreråd

Eldrerådet har 7 medlemer og er slik samansett i 2023-2027:

Leiar                                   Åge Starheim                                   Send epost til leiar

Nestleiar                           Liv Stokkenes Jacobsen

Medlem                             Anne Karene Vederhus

Medlem                             John Tenden

Medlem                             Nils Helge Løkling

Medlem                             Svein Barmen

Medlem                             Marie Kristine Kroken
 

Du er velkomen til å ta kontakt med Stad eldreråd dersom du har saker du ønskjer å ta opp! 

Medlemene av Stad eldreråd oppstilt i kommunestyresalen. - Klikk for stort bileteFrå venstre: Nils Helge Løkling, Liv Stokkenes Jacobsen, John Tenden, Anne Karene Vederhus, Åge Starheim, Marie Kristine Kroken, Svein Barmen Stad kommune, Elin Paulsen