Råd for menneske med nedsett funksjonsevneRådet skal arbeide for å betre menneske med nedsett funksjonsevne sine levekår i heile Stad kommune. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld menneske med nedsett funksjonsevne, og uttaler frå rådet følgjer saksdokumenta til det kommunale organet som avgjer saken. Rådet skal ikkje gå inn i saker som gjeld enkeltinnbyggjar, og det er ikkje ein klageinstans. Medlemmar i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne representerer alle med nedsett funksjonsevne i Stad kommune, og skal bidra til at dei får god medverknad i aktuelle saker. Møta i rådet er opne for publikum, men kan bli lukka etter vedtak med heimel i lov. Rådet for menneske med nedsett funksjonsevne har 7 medlemer, og er slik samansett i 2023-2027:Leiar Nils Anders Sørland Send epost til leiarNestleiar Arne Martin RundereimMedlem Anita VågMedlem Arve ÅhjemMedlem Odd Rune HeggenMedlem Solfrid HonningsvågMedlem Judith Margrete KvåleMøteplan for Stad råd for menneske med nedsett funksjonsevne Publisert 03.04.2024 23.21 Sist endra 18.06.2024 13.14