Ungdomsrådet si hovudoppgåve er å sette seg inn i og gje innspel i sakar som angår barn og ungdom i kommunen. På den måten kan ungdomane hjelpe politikarane med å forstå kva som er viktig for barn og unge som bur i Stad kommune. Sakene blir drøfta på ungdomsrådsmøta og innspel blir tekne vidare til kommunestyret. I tillegg kan medlemmane av ungdomsrådet:
- ta initiativ til eigne saker, og halde innlegg eller talar i ulike samanhengar
- arrangere samlingar for ungdom i kommunen
- prøve å påverke politikarane ved å fremme sitt syn på ei sak i media eller andre stadar
- uttale seg til saker i fylket eller på nasjonalt nivå
Kven sitt i ungdomsrådet?
Kven som helst mellom 13 og 19 år kan bli valt inn i ungdomsrådet. Medlemmane blir valt for inntil to år.
Meir informasjon finn du HER!
Nytt ungdomsråd våren 2024
Nytt ungdomsråd skal veljast våren 2024. Ta kontakt med elevrådet på skulen din dersom du er interessert i å vere med.
Ønskar du meir info om arbeidet i ungdomsrådet kan du ta kontakt med ungdomsrådet via e-post: ungdomsraad@stad.kommune.no
eller ungdomsrådskoordinator i Stad kommune, Mirjam Kreisel.
mirjam.kreisel@stad.kommune.no
Tlf: +47 468 86 517
Møteplan Stad ungdomsråd
Ung i Stad