Bemanna omsorgsbustad er ikkje eit lovpålagt tenestetilbod. Det er eit butilbod for menneske med særskilt behov for tilrettelegging og omsorg. Bemanna omsorgsbustad innebærer at ein har eigne leilegheiter med tilgang på fellesareal, og tenestetilbodet er tilrettelagt med tilgang på personalet heile døgnet. Omsorgsbustaden ein er tildelt vert då å sjå på som din eigen heim.
På våre bemanna omsorgsbustadar arbeidar der helsepersonell som alltid vil jobbe etter "personsentrert omsorg" med fokus på eigenmeistring. Målet er at ein som bebuar og personalet via samhandling skal oppretthalde bebuaren sine funksjonar for at ein kan være så sjølvstendig som mogeleg.
Ved innflytting i bemanna omsorgsbustad vil ein motta standardvedtak om vask av privattøy, leige av sengetøy og handkle, samt fullkost. Ein vil også motta vedtak om praktisk bistand som omfattar tilrettelegging av frukost, middag og kvelds, klearbeid, skift av sengetøy, vask av hjelpemiddel og seng, samt reinhald av bustaden. Alle desse tenestene er betalingstenester.
Dette gjeld ikkje omsorgsbustadar i tilknytting til bufellesskap.
Andre tenester må ein søkje om ut i frå eige hjelpebehov. Stad kommune har teneste-standard for tenester i helse- og omsorg. Standarden gjev brukarar god informasjon om dei ulike tenestene som vert ytt av heimetenesta. Ein finn standarden og søknad på www.stad.kommune.no. Gjer merksam på at dersom hjelpebehovet vert så stort at ein støttar krav for langtidsopphald i institusjon vil det bli evaluert om ein skal søkje overflytting.
Stad kommune har eiga tildelingsnemnd som består av: kommuneoverlege, kommunalsjef for helse og omsorg, einingsleiar for heimetenesta, helseavdelinga, institusjonane og bu- og miljøtenesta. Det er faste møter kvar veke der alle søknadar om helse og omsorgstenester vert drøfta før vedtak vert fatta.
Ved spørsmål angåande søknad og vedtak kan du ta kontakt med sakshandsamar i ditt området. Ved andre spørsmål eller beskjedar ber vi deg og dine pårørande om å nytte tidligare oppgitt telefonnummer for din avdeling.
Sakshandsamarteamet kan du kontakte på telefonnummer 948 16 515.