Atomhendingar/atomulykke

Beredskap ved atomulykker

Krigshandlingar i område med kjernekraftverk fører til auka risiko for radioaktive utslepp. Ved ei atomhending som kan få konsekvensar i vårt område vil Kriseutvalet for atomberedskap kome med råd eller pålegg om korleis vi skal beskytte oss.

Dei viktigaste tiltaka som det vil kunne kome råd om er:

  • Hald deg inne
  • Ta jodtablettar
  • Dusje dersom du er utsett for ureining
  • Følgje kosthaldsråd
  • Respektere myndigheitene sine avgjerder om sperring, reising eller evakuering
     

Meir informasjon om atomberedskap finn du på Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) sine nettsider. 

Jodtablettar og eigenberedskap

Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet (DSA) skriv at risikoen for at det skal bli nødvendig å ta jodtablettar i Noreg er liten. Uavhengig av situasjonen tilrår DSA og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) likevel at alle under 40 år har jodtablettar som del av eigenberedskapen i heimen. Det er kun Jodix 130 mg jodtabletter som er anbefalt ved atomulukke. Kosttilskot som inneheld jod er ikkje anbefalt.

Stad kommune har som del av den nasjonale beredskapen eit lager av jodtablettar. Den prioriterte gruppa er alle under 18 år, dei som ammar og gravide. Kommunen har eit system for å dele ut dette dersom myndigheitene gir råd om det.