Informasjonspunkt ved kriser

Dersom straumen, internettet og mobiltelefonar sluttar å fungere, er det viktig at du som innbyggjar veit kvar du kan ta kontakt dersom du treng hjelp.

I krisesituasjonar er hovudregelen at du skal kunne klare deg sjølv så lenge som mogleg. Dersom du er trygg og varm, har mat og får nødvendig informasjon, er det best å bli verande heime.

Kvar får du hjelp og informasjon?

Dersom du treng akutt hjelp eller informasjon når nettet er nede, kan du møte opp på eit av dei etablerte informasjonspunkta i kommunen. Der møter du ein representant frå kommunen med tilgang til Nødnett og/eller satellittelefon. Representanten kan hjelpe deg vidare og formidle kontakt med naudetatane eller kommunen.

Punkta blir brukte når det er behov

Informasjonspunkta blir ikkje nødvendigvis opna ved alle straumbrot eller nettproblem. Kommunen må vurdere situasjonen, kor lenge bortfallet varer, kva område som er råka, og om andre kanalar framleis fungerer.

Det er kriseleiinga i kommunen som avgjer når ein situasjon er så kritisk at alle eller nokre av desse stadane skal fungere som informasjonspunkt.  

Stadane er ikkje meint som opphaldsstadar. Dersom politiet bestem at du og naboane dine må evakuerast, vil Stad kommune opprette eit EPS-senter (evakuerte- og pårørandesenter) i eit eigna lokale.

Informasjonspunkt i Stad kommune

  • Nordfjordeid:
    Stad rådhus
    Rådhusvegen 11
     
  • Leikanger/Stadlandet: 
    Fredly bufellesskap
    (Stadlandet eldretun)

    Kyrkjebakken 
     
  • Selje:
    Kommunehuset Selje
    Nabben 80
     
  • Bryggja:
    Tidl. Bryggja omsorgssenter
    Strandavegen 18
     
  • Flatraket:
    Tidl. Flatraket eldretun

Artikkelliste