Varsling til innbyggjarane

Ved kriser og ulykker er det viktig at du har tilgang på offisiell informasjon om kva som skjer og kva du bør gjere.

Varsling ved nasjonale kriser

Tyfonvarsling

Varslingsanlegg (ofte kalt tyfonar eller flyalarm) kan nyttast når befolkninga skal varslast om akutt fare. Når alarmen uler, betyr det at du må søke informasjon. 

Sivilforsvaret prøver installasjonane to gonger i året, vanlegvis andre onsdag i månadane januar og juni.

Les meir på sikkerhverdag.no

Beredskapskanalen NRK P1

NRK har ansvar for å sende myndigheitene sine beredskapsmeldingar og viktig informasjon på radio. NRK P1 er beredskapskanalen som skal sikre informasjon til publikum, også dersom andre nyheitsmedier og offentlege nettstadar ikkje er tilgjengelege.

NRK kan også bryte igjennom med viktige meldingar til befolkninga på alle NRK sine radiokanalar. 

Les meir på sikkerhverdag.no

Nødvarsel på mobil

Nødvarsel er ei teneste frå norske myndigheiter. Hvis det oppstår ein alvorleg situasjon med akutt fare for liv og helse der du er, kan du få eit nødvarsel på mobiltelefon. Eit nødvarsel inneheld informasjon om kva som skjer, og kva du bør gjere for å beskytte deg sjølv.

Les meir om nødvarsel på nødvarsel.no.

Kommunen sine informasjonskanalar

Kommunen formidlar relevant informasjon i fleire kanalar, blant anna på kommunen si nettside og gjennom sosiale medie.

I tillegg nyttar vi telefonvarsling/sms hvis det oppstår situasjonar der det er viktig å nå ut med informasjon raskt.

Adressebasert varsling via sms kan til dømes skje:

  • ved evakuering
  • når du må koke vatnet
  • ved vassbrot

Stad kommune brukar Gemini Varsling for å varsle innbyggarane.

Om kommune ikkje klarar å varsle via digitale kanalar, mobiltelefon eller radio, vil varsling skje manuelt/fysisk oppmøte ved bruk av kommunen sine tilsette, sivilforsvaret, Røde kors m.v.