Fosterheim - noko for deg og din familie?Stad kommune treng fleire familiar som kunne tenke seg å vere fosterheim for eit barn. Nokre gongar treng barn å flytte i fosterheim for ein lengre eller kortare periode. Stad barnevern ønsker at barna skal få bu i nærområdet sitt (som i Stad kommune eller i ein av våre nabokommunar).Å flytte i fosterheim kan opplevast lettare og tryggare for barna om dei får bu med nokon dei kjenner litt frå før, eller at dei ikkje må flytte så langt vekk. Å bli fosterheim for eit barn du kjenner - korleis er prosessen? Fosterhjem i familie og nære nettverk | BufdirÅ bli fosterheim for eit barn du ikkje kjenner - korleis er prosessen? Hvem kan bli fosterforelder? | BufdirSOLID er kurset alle fosterheimar skal ta. Opplæringa gjev deg kunnskap og forståing om kva eit oppdrag som fosterheim inneber, slik at du skal ha best mogleg grunnlag før du vel å bli fosterforelder. Opplæring for deg som vil bli fosterhjem | BufdirØnsker du å vite meir, så ta kontakt med Jorunn Breiteig tlf 979 90 473 eller Marion Vik tlf 904 01 174 Publisert 21.10.2025 09.48 Sist endra 01.10.2026 16.03