Vår sin butikk er eit bakeri i Korsen, sentrum på Leikanger, Stadlandet. Eit produksjonskjøkken på Stadlandet skule er også til disposisjon for bakeriet.
Det er ein dedikert og arbeidsom gjeng som arbeidar på Vår sin butikk, men som treng tilrettelegging og tid til arbeidsoppgåvene.
Vår sin butikk leverer smårettar og bakst til firma i nærområdet og har bakeriutsal to dagar i veka.
Kaker, smårettar og annan bakst kan bestillast pr telefon i arbeidstid (måndag til fredag) mellom kl 09-15 helst nokre dagar før levering. Lunchbestilling må være til minimum 10 personar.
Vi er stolte av butikken vår, så kom gjerne innom for ein handel!
Besøk oss på Facebook
Publisert01.10.2020 12.54
Sist endra20.10.2020 12.52