Frisklivssentral

Frisklivssentralen er ei helsefremmande og forebyggande kommunal helsetjeneste. Tilbodet varer i 12 veker og er gratis. Du kan sjølv ta kontakt med frisklivssentralen eller få henvisning via fastlege, Nav, øvrig helsepersonell etc.

Kven kan få hjelp på Frisklivssentralen? 

Tilbodet er for deg som allereie har utvikla sjukdom eller som har auka risiko for sjukdom.  Frisklivssentralen kan hjelpe deg med å finne aktivitetar og tilbod som passar for deg, setje konkrete mål og gje deg støtte til å gjennomføre det du har planlagt. 
Frisklivssentralen tek utgangspunkt i dine behov og det du ønskjer å oppnå. 

Vi har tilbod som hjelpe deg til å: 
- Bli meir fysisk aktiv
- Få eit sunnare kosthald
- Slutte å snuse eller røykje
- Bli sterkare psykisk 

Kva tilbyr vi? 

Frisklivssentralen vil gje deg veiledning og støtte til å endre levevanar og mestre helseutfordringar. Veiledning og oppfølging foregår både individuelt og i grupper.
I Selje er det to treningsgrupper kvar veke,  den eine er utandørs. På Eid er det ein gruppetime, samt 45 minutt veiledning i apparatsone, på Hamna Aktivitet og Helse.

I tillegg arrangerar vi kvardagsgledekurs to gongar i året (Eid vår og Selje haust). Kvardagsglede handlar om dei små, enkle tinga du kan gjere i din eigen kvardag for å oppleve meistring og glede. 
Gjennom kursdagane vil du få innsikt i fem viktige grep for auka kvardagsglede: å vere oppmerksom, å vere aktiv, fortsett å lære, å knyte band og å gje.

Følg med på frisklivssentralen si Facebookside for mer informasjon om treningstimar, kurs o.l. 
https://www.facebook.com/frisklivssentralenstad/

Opningstid:

Nordfjordeid: Måndag og tysdag kl. 08:00-15:00
Selje: Tysdagar i partalsveker kl. 08:00-15:00

Følg Frivilligsentralen på Facebook for oppdateringer og arrangement. 

Kontakt

Pia Gjørsvik Kvernevik
Frisklivskoordinator område Eid
E-post
Mobil 98 90 47 20
Ida Holmefjord Skjeldestad
Fysioterapeut Selje/Stadlandet
Mobil 90 19 04 04

Selje/Stadlandet