KreftkoordinatorKreftkoordinator er ein fagperson som du kan ta kontakt med i alle fasar av ein kreftsjukdom. Kreftkoordinator er eit lågterskeltilbod for kreftpasientar, pårørande, helsepersonell og andre. Kreftkoordinator skal medverke til at du som vert sjuk og dine pårørande skal få dei tenestene og dei tilboda som du har rett på. Kreftkoordinator skal undervise, gi opplæring og råd til aktuelle samarbeidspartnarar og arbeide for gode rutinar og system i kommunane si kreftomsorg.Kva kan kreftkoordinator hjelpe deg med?Koordinere helsetenester for deg som er kreftrammaRettleiings- og støttesamtalar og hjelp til meistringSette deg i kontakt med ressurspersonar eller støtteinstansar som til dømes KreftforeningenInformere om relevante kurs og anna opplæringIvareta barn og unge som pårørandeKven kan ta kontakt?Du som har ein kreftsjukdom som anten skal inn i eller allereie er under behandlingDu som er pårørande eller er i nettverket til ein som har ein kreftsjukdomDu som er ferdig med behandling og har behov for å snakke med nokonDu kan ta direkte kontakt med kreftkoordinator. Du treng ikkje henvisning. Du kan også få andre til å ta kontakt på dine vegner, til dømes fastlegen din eller nokon frå sjukehuset.Ressurssjukepleiarar i kreftomsorg og lindrande behandling arbeider tett med kreftkoordinator. Desse arbeider til dagleg på sjukeheim eller i heimetenesta i kommunen din.Brosjyre om tilbodet (PDF, 422 kB) Publisert 19.06.2025 14.04 Sist endra 19.06.2025 14.27