Mange foreldre synest det er utfordrande å gje barna sine tryggleik og god oppvekst. Foreldrerettleiingskurset Circle of Security (COS), trygghetssirkelen, skal gje foreldre verktøy for å betre forstå kva behov barna har, kva signal dei gir og kva vi kan gjere for å møte desse behova betre.
Målet med kurset
Målet er at barnet ditt skal få hjelp til å kjenne seg trygg og stå sterkare rusta til å møte utfordringar ein møter i livet. Kurset kan også bidra til eit godt samspel mellom deg og barna dine.

Påmelding, tid og stad
For påmelding eller spørsmål ta kontakt med helsestasjonen på 951 28 538 eller sende epost til berit.kragseth@stad.kommune.no
Lurer på om dette kurset er noko for deg? - Ring gjerne og drøft det med oss.
Vi tilbyr gruppekurs to gongar i året med oppstart etter vinterferien og haustferien. Kurset går over 6 kvelder, 1,5-2 timer kvar gang. Kurset er gratis.
Kursplan haust 2026:
- Tysdagar frå 20. oktober kl. 17.00.
- Varighet 1,5-2 timar
- Stad: Eid helsestasjon
Påmelding innan 16. oktober 2026
Temaene byggjer på kvarandre så man bør møte på alle dagane.
Det er ikkje høve til å ha med barn.
- 20. oktober
Velkomen til Circle of Security Parenting. Utforskning av barnet sitt behov rundt heile Trygghetsirkelen - 27. oktober
"Å vere saman med" på trygghetssirkelen - 3. november
"Å vere saman med spedbarn" på sirkelen - 10. november
Vegen til tryggleik - 17. november
Utforsking av det vi strevar med - 24. november
Brot og reparasjon i relasjon. Oppsummering.
Kursplan Eid helsestasjon haust 2026 (PDF, 246 kB)
Det er mogleg å få COS-P rettleiing utanom kursplan, både på Nordfjordeid og i Selje. Ta kontakt med helsestasjonen om det er ønskeleg.
I kurset snakker vi om
- Trygghetssirkelen hjelper oss til å sjå kva behov barna har for foreldrestøtte både når dei utforskar verda og når dei opplever vanskelege følelsar.
- "Vere saman" i tryggleikssirkelen. Barn lærer og utviklar seg i samspel med foreldre. Samspelet er grunnleggande for korleis barn utviklar trygg tilknytning følelsesmessig.
- Vegen til tryggleik. Din tilgjengeleegheit som forelder påverkar barnet ditt sin måte å formidle følelsar og behov.
- Vanskelege situasjonar. Vi vil gje dykk som foreldre nokre reiskap til samspel mellom dykk og barna når situasjonan kjem ut av kontroll. Vi ser på balansen mellom det å vere tydeleg og samtidig vere ein god forelder.
- Foreldrene sine eigne erfaringar. Nokre gongar har vi vaksne erfaringar frå eiga fortid som gjer at reaksjonar i notid kan bli "større" enn nødvendig. Vi vil gje dykk nokre reiskapar som kan hjelpe å handtere dette.
Kven kan vere med?
Foreldrerettleiingsskurset er for foreldre med barn mellom 4 månadar og 6 år. Kurset passar for alle foreldre som ønsker å vite meir om barn sine grunnleggande behov og korleis ein kan møte desse. Kurset er særleg anbefalt til småbarnsforeldre, men er også relevant for deg med eldre barn. Du treng ikkje oppleve vanskar med barnet ditt for å ha glede og nytte av kurset.
Meir info om kurset
COS - Video, engelsk
COS (DOCX, 451 kB)- brosjyre