Forureining

Støy
Støy virkar negativt på helse og trivsel både i form av mogleg hørselsskade, søvnproblem og stressrelaterte helseplager. Det kan vere ei kjelde til redusert trivsel. Støy kan komme frå anleggsarbeid, bedrifter og næringsverksemd. Det kan òg dreie seg om fritids- og underholdningsstøy, trafikk- og viftestøy.

FHI: Støy 

Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging

Luftforureining
Luftforureining er eit lite problem i Sogn og Fjordane, og risikoen for helseproblem knytt til dette er lav. Dei vanlegaste kjeldene til luftforureining er vegtrafikk, vedfyring, industriutslepp og bråtebrenning. Kommunen skal sørge for at det vert gjennomført tiltak dersom det er fare for at krava i om lokal luftkvalitet i Forurensingsforskrifta vert overskride. Det er dei ansvarlege for forureininga som må koste nødvendige tiltak og utgreiingar.

Forurensningsforskriften

FHI: forurensning i uteluft