Skular og barnehagar

Alle skular og barnehagar skal ha helsekvalitetar som sikrar borna sunne omgjevnadar. Dette gjeld faktorar som inneklima, luftkvalitet, lysforhold, lydforhold og sanitære forhold, psykososiale forhold og tryggleik. 

Forskrift om helse og miljø i barnehagar, skular, skulefritidsordningar skal nyttast ved planlegging, tilrettelegging og drift av:

  • barnehagar
  • grunnskular
  • vidaregåande skular
  • skulefritidsordningar
  • leksehjelpsordningar knytta til skuleverksemd
  • andre verksemder som barnepassverksemder, barneparkar o.l. 


Skjema for søknad om godkjenning etter forskrift om helse og miljø (PDF, 486 kB) 

Miljø og helse i skoler og barnehager, veileder til forskrift