Solarium

Solarium er en kunstig UV-kjelde som ein nyttar for å bli brun. Forsking viser at bruk av solarium aukar risikoen for føflekkreft. Risikoen er størst når ein startar i ung alder og når ein tek solarium ofte over ein lengre periode. Statens strålevern har frå og med 1. juli 2013 innført 18-års aldersgrense for bruk av solarium.

Tilsyn med solarier
Kommunane har mynde til å føre tilsyn med solarier i henhold til lov av 12. mai 2000 ”Om strålevern og bruk av stråling” (strålevernloven) og tilhøyrande forskrift av 29. oktober 2010 ”Om strålevern og bruk av stråling” (strålevernforskriften). Statens strålevern er ansvarleg myndigheit for solarier i Norge.

I medhold av strålevernlova og tilhøyrande føreskrift:

•    Kommunen kan komme på uanmeldt tilsynsbesøk dersom dei finn det nødvendig.

•    Kommunen skal gjevast fri adgang til å foreta tilsyn, foreta målingar og undersøkingar, og dei skal gjevast dei opplysningar som dei finn nødvendige.

•    Den som tilbyr solarium er ansvarleg for at strålinga ikkje overstig krava til UV-type 3, òg når solariet (med rør og lamper) er i henhold til ”Strålevernets solarieoversikt”. Årsaker til høg stråling kan vere feil rør/lamper/filter, feil interne innstillingar eller ei ukjend årsak. Men den som tilbyr solarium er ansvarleg for å få strålinga ned på akseptabelt nivå, eventuelt med hjelp av forhandlar/importør eller produsent. Den må òg dokumentere at strålinga er kome ned på akseptabelt nivå ovanfor tilsynsmyndigheitene.

•    Solarieverksemda kan bli pålagd å dekke utgifter dersom kommunen eller Strålevernet finn det nødvendig å gjennomføre nytt tilsynsbesøk, målingar eller anna for å sjekke om brot på strålevernforskrifta er retta opp. Nytt tilsynsbesøk med målingar kan ofte vere eineste moglegheit for å slå fast at strålingsnivået er innanfor krava til UV-type 3.

•    Kommunen kan etter vurdering velge om det er hensiktsmessig å varsle tilsynet på førehand eller ikkje. Dersom det  vert sendt ut generell informasjon på førehand – bør denne inkludere eit generelt varsel om tilsyn, eventuelt angje ein periode der tilsyn vil kunne forekomme.

Melding om solarier
Alle solstudioeigarar,  forhandlarar og leverandørar skal melde si verksemd til Statens strålevern. Det vert òg krevd at alle solariemodellar og rørkombinasjonar må meldast (erstattar tidligare godkjenningsplikt i den nye føreskrifta). Dette betyr at forhandlarar/importørar må melde alle nye solariemodellar, i tillegg til endring ved solariemodellar som allereie er registrert. Eit solarium kan ikkje selgast, leigast ut eller takast i bruk før det er publisert på Strålevernets solarieoversikt. 

Veileder til solstudioeiere og virksomheter som tilbyr soling i solarium (Statens strålevern)

Strålevernets elektroniske meldesystem

Melding om nye solariemodeller og endring av eksisterende 

Strålevernloven