Koordinator og individuell plan Dersom du har behov for fleire langvarige og samansette tenester, kan du få tilbod om koordinator og individuell plan. Kommunen pliktar å syte for at tenestene er koordinerte, samanhengande, tverrfaglege og tilpassa dine behov. Ein koordinator vil hjelpe deg å ha oversikt og koordinere den tverrfaglege innsatsen. Ein individuell plan vil gje ei oversikt over hjelpebehov og hjelpetiltak for dine kortsiktige og langsiktige mål. Stad kommune nyttar ein digital versjon av individuell plan – Samspill.Dette kan du få hjelp til Oppnemne ein koordinator som skal hjelpe deg å halde oversikt og sikre kontinuitet i tenestene Få tilbod om individuell plan som gir oversikt og skal nyttast i samhandlinga mellom tenestene og deg. Koordinator har ansvar for at planen vert utarbeidaSøknad om koordinator og individuell plan SøknadsskjemaKva kostar det?Det er ingen kostand knytt til tenesta koordinator og individuell plan.Behandling av søknadenDet er ein av sakshandsamarane i helse- og omsorgstenestene som handsamar søknaden din. Dei tek kontakt med deg for å avtale eit møte og karleggje behova dine. Du vil få skriftleg svar på søknaden, og om det vert vanskeleg å svare deg innan ein månad, vil du få informasjon om årsaka.Koordinerande eining avgjer kva eining som skal oppnemne koordinator.Har du spørsmål?Har du spørsmål knytta til søknaden din, kan du kontakte leiar for koordinerande eining i Stad kommune.Lover og forskrifterhttps://lovdata.no/dokument/NL/lov/2011-06-24-30#KAPITTEL_7https://lovdata.no/dokument/NL/lov/1999-07-02-63Retningsliner for Stad kommune om samarbeid for personar med behov for koordinerte helse- og omsorgstenester, koordinator og individuell plan Publisert 01.10.2020 13.27 Sist endra 23.01.2024 13.40