Transportkort (TT-kort)

Transportteneste for rørslehemma, TT-ordninga, er eit tilbod om drosjetransport til personar busett i Sogn og Fjordane som på grunn av varig funksjonshemming har store vanskar med å nytte ordinære kollektive transportmiddel. Transporttilbodet skal bidra til at dei skal kunne leve eit så aktivt liv som mogleg.

Kva er TT-kort?

Tilrettelagt transport er ein fylkeskommunal ordning der du som brukar får eit TT-kort som du kan bruke når du tek drosje. Kortet dekkjer eit definert tal reiser med drosje. Kortet vert fyllt på to gongar i året, 1. januar og 1. juli. Det er kommunane som godkjenner brukarar etter retningsliner utarbeidd av Sogn og Fjordane fylkeskommune. TT-ordninga er meint til fritidsreiser som kulturarrangement, sosiale aktivitetar og reiser til dagleglivets gjeremål. Ordninga skal ikkje brukast til t.d. reiser som dekkast av helseføretak/ NAV.

Kven kan søkje?

  • Personar med varig funksjonshemming som varer minst eitt år
  • Graden av forflytningshemming vert lagt til grunn, ikkje type funksjonshemming eller alder
  • Du må vere busett i Stad kommune
  • TT-ordninga er ikkje meint å vere ei erstatning for manglande busstilbod, lang veg til haldeplass eller avsidesliggjande  bustad

Les meir om retningsliner for Transportkort (PDF, 136 kB)

Søknad

Du skal sende søknad om transportkort til Vestland fylkeskommune.

Personar som er godkjende TT-brukarar og som flyttar innad i fylket, treng ikkje søkje på nytt. Brukaren må registrerast på ny i sin nye heimkommune.

Informasjon om TT-kort

Sende søknad i papirversjon

Om du ikkje får levert søknaden digitalt kan du laste ned skjema, fylle ut, printe og sende pr. post til: 

Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen 

Søknadsskjema m/samtykke tt-kort (PDF, 443 kB)

Tlf.tid kl. 09 - 11.

Søknadsbehandling

Fylkeskommunen skal innhente alle opplysningar for å avgjere saka. Deretter vert det fatta eit vedtak. Fylkeskommunen skal behandle saka så snart som mogleg og innan fire veker.

Du kan klage innan tre veker etter at du mottok vedtaket. Det vert då gjort ei ny vurdering av søknaden. Dersom vedtaket vert omgjort, vil du få brev om dette. Dersom vedtaket vert oppretthalde, vert klaga sendt vidare til Statsforvaltaren med kopi til deg.

Har du spørsmål?

Har du spørsmål om ordninga, kan du ta kontakt med saksbehandlar hos Statsforvaltaren i Vestland:

Informasjon om Kringom serviceskyss

Kringom serviceskyss

 

 

Kontakt

Vestland fylkeskommune
E-post
Telefon 55 23 93 63

Postadresse
Vestland fylkeskommune
Avdeling for mobilitet
og kollektivtransport
Postboks 7900
5020 Bergen